NOKON KJEM TIL Å RINGE

(Her er et innlegg jeg skrev for over et år siden, til bloggen Mari og Marits Rådgivningstjeneste. Legger det ut her også, bare for å vise hvor utrolig flink jeg er til å skrive teatermanus)

Forleden leste jeg dette:

http://www.seher.no/kjendis/det-er-delte-meninger-om-forandringen-80816

Så her er et teaterstykke jeg har skrevet som en hyllest til Fotballfrue og Jon Fosse. Det er ikke så veldig langt. Håper dere liker det.

 

NOKON KJEM TIL Å RINGE

 I
 På verandaen ved eit staseleg, kvitt hus i vene Siljan sitt ein mann og ei kvinne. Dei har eit glass rosa vin kvar. Ho er i slutten av 20-åra, blond, blid og slank. Han er fotballspelar.

HAN

muntert

No er vi her.

HO

Ja

HAN

No er vi her

HO

Du gjentek deg sjølv.

HAN

kviskrar

No er vi her

HO

Ja

HAN

Åleine saman

HO

Nei, vi er ikkje åleine

HAN

Er vi ikkje?

HO

Nei

HAN

Er vi ikkje?

HO

Slutt å gjenta deg sjølv.

HAN

forsiktig

Men vi er jo her, åleine saman

HO

Nei, vi er ikkje det, vi har ei dotter óg

Ho berre ligg og søv

Ho ligg der inne og søv

Inne i huset

Ho har ny outfit i dag

Vi har ei dotter óg

HAN

kviskrar

Vi har ei dotter óg.

HO

No gjentek du meg óg.

HAN

Vi er åleine saman med dotter vår

Vi og så ho óg

Ho

Ja

Men nokon kjem til å ringe

Han

Ingen kjem til å ringe

HO

fortvila

Nokon kjem til å ringe

HAN

Nei, vi er her åleine saman med dotter vår

Ho ligg der inne og søv

Ho har ny outfit i dag

HO

bestemt

Eg vil at nokon skal ringe

kort pause

Men eg vil ikkje at nokon skal ringe

Det er rart med det

HAN

Ja, det er rart med det

Eg vil også at nokon skal ringe

HO

protesterande

Det vil du ikkje.

Du seiar at du vil at nokon skal ringe

Men det vil du ikkje

HAN

bedande

Eg vil at nokon skal ringe meg

HO

Eg trudde du ville være her

åleine saman

HAN

trøystande

Ingen kjem til å ringe

HO

Nokon kjem til å ringe

Nokon ringer alltid

HAN

Men vi er jo her

åleine saman

åleine saman med dotter vår

som ligg der inne og søv

Ho har ny outfit i dag

Vi har jo

han bryt seg av, ser fortvila på henne

Kven kjem til å ringe

HO

Eg veit berre at nokon av dei

vg, dagbladet, tv2

eller dagens næringsliv

Nokon kjem til å ringe

ringe og ringe

og ikkje gi seg

HAN

stryk ho over det ljose håret

Kanskje dei ikkje ringer denne gongen

sukkar

Kanskje dei er snille denne gongen

Kanskje dei ikkje veit

at du har blitt blond att

kanskje ikkje denne gongen

No er det bare meg og deg

og ho

HO

Nokon kjem til å ringe

om vi går inn i huset

kanskje nokon ringer

om vi går inn

då ringer dei

ho reiser seg og går inn i huset.

 

II

 Dei står i stuga og ser ned på ein Iphone6 som ligg på stugebordet. Ho pustar djupt og knytter nevene.

HO

kviskrar

Nokon kjem til å ringe

Dei ringar no

Ringar

Og dei gir seg ikkje

HAN

Spørjande

Har du hugsa å lade telefonen

så den ringer

når dei ringer

elles kan dei ikkje

ringa deg

Kanskje nokon kjem til å ringe

Eg veit ikkje

HO

brått anklagande

Du sa dei ikkje ville ringe

Kvifor spør du om eg har straum

på telefonen

hvis du ikkje tror dei vil ringe

HAN

Ser ned

Eg berre spyrde

Ingen kjem til å ringe

men kanskje dei er snille denne gongen

eg veit ikkje

telefonen ringer og dei skvett både to

HO

Nokon ringer

HAN

Ja

ho tar telefonen.

SJÅ&HØYR

Hei

HO

Hei

SJÅ&HØYR

Vi ringar berre

Vi ringar deg

berre

for å høyre

kva slags reaksjonar

lesarane,

dei som les bloggen,

Kva for reaksjonar

har du fått

på forandringa

HO

Eg har fått

delte

reaksjonar

SJÅ&HØYR

Kor lang tid tok den,

behandlinga

tok den lang tid

behandlinga

HO

Det tok berre ein dag

SJÅ&HØYR

Berre ein dag

HO

Berre ein dag

SJÅ&HØYR

Var den

sponsa

behandlinga

HO

Ja

det var ho

ho legg på. Blir ståande med armane langs sida. Han går bort og tar ho forsiktig på skuldra.

HAN

kviskrar

Nokon ringde.

Ho snur seg brått, går og stillar seg attmed vindauget. Ser ut.

 

III

 Han kjem ut frå huset. Sett seg på trammen. Gjømmer anletet i henda og sukkar djupt.

HAN

Nokon ringde

Ho svara

Dei var ikkje slemme

Ikkje denne gongen

Men

dei bryr seg ikkje

om oss

Eg trur ikkje dei bryr seg

om at vi er her

åleine

Ikkje heilt åleine

Ikkje åleine saman

For vi har no ho

ungen

Åleine saman

Eg og ho og ungen

Nokon kjem til å ringe

Kvifor ringer ingen meg?

Han ser opp, ser tomt ut i lufta. Ho kjem ut av huset, sett seg attmed han på trammen. Løfter eine handa og stryk han på kinnet. Lang pause.

Teppe

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *