Foreldremøte

Ja, jeg vet at jeg er over gjennomsnittlig opptatt av Jon Fosse, og at jeg kanskje nevner ham litt vel ofte. Greia er at denne fascinasjonen har vist seg å være nyttig for meg, og derfor tenker jeg at dette lille tipset kan være verdt å dele. Kanskje det funker for dere også.

Som voksen må man være med på ganske mange kjedelige ting, kanskje spesielt hvis man har barn. Et eksempel på dette er foreldremøter. Kanskje barnslig å si, det er jo viktig for meg å få informasjon om hva de driver med på skolen, men det hender jeg tyr til dette trikset for å gjøre det litt mer spennende allikevel, kanskje spesielt når vi kommer til punkt 10: eventuelt. Jeg er jo dessuten litt barnslig, eller “ung i oppførsel”, som tiåringen kaller det.

Trikset er nemlig å late som om man er med i et Fosse-stykke. For meg har dette en positiv effekt på de fleste situasjoner. Ikke bare møter, men også det å utveksle pinlige høflighetsfraser med perifere bekjente, eller kleine “vi later som om dette er helt hverdagslig”-samtaler hos gynekologen. Alt folk sier og gjør blir liksom fylt med underliggende mening og uendelige tolkningsmuligheter. Denne lille smakebiten er løst basert på ulike foreldremøter jeg har vært på de siste fem årene, bare for å vise hvordan en litt irriterende uthaling av et møte kan bli mer interessant.

 

Foreldremøte

Omlag 40 personar er samla i ein aula. Dei har vore der lenge. Særs lenge. Framfor forsamlinga står ein smilande lærar med henda i sida. Han er på veg til å avslutte møtet.

LÆRAREN (muntert): Takk for at dykk kunne komme.

kort pause

LÆRAREN (puster djupt og kastar eit blikk opp mot taket, ser så på forsamlinga framfor seg): Det var bra at så mange kunne komme. (smiler litt lurt): Det er no nokre framifrå ungar dykk har!

samtykkjande mumling fra forsamlinga

LÆRAREN (forhåpningsfullt): Så om det ikkje er nokon som har noko meir-

NAIV FAR: Ja, eg-

han bryt seg av. Kort pause.

LÆRAREN (trøytt, men nervøs): Ja?

NAIV FAR: Eg berre undrar.

LÆRAREN (litt redd): Ja?

NAIV FAR (naivt): Er det greitt at dei har med seg kjeks i sekken når dei er på tur?

LÆRAREN: (nesten panisk): Nei-

SJØLVSIKKER MOR (bryt han av): Dei skal no ikkje ha kjeks i sekken. (litt irritert) Kva skal dei med kjeks i sekken, kan dei ikkje ha med eit eple i staden?

LÆRAREN: (hikstar fram) Jo-

SJØLVSIKKER MOR (oppgitt): Eg skjønar no ikkje kvifor dei skal ha med seg kjeks i sekken.

LÆRAREN (trist): Nei. Nei, kjeks får dei ikkje ha med. Ikkje i sekken.

NAIV FAR: Men når dei er på tur?

SJØLVSIKKER MOR: Kvifor skal dei ha kjeks i sekken? Kan dei ikkje ha med eit eple i staden?

NAIV FAR: Jo, jo.

SJØLVSIKKER MOR: Nei, det skjønar eg ikkje. Eple er no mykje betre å ha i sekken.

NAIV FAR (trekk på skuldra): Jo, jo.

LÆRAREN (slår fast): Nei, kjeks får dei ikkje ha med.

Kort pause

SJØLVSIKKER MOR : Så da seier vi det. Ikkje noko kjeks i sekken. Ikkje om dei skal på tur eingong.

LÆRAREN: Ikkje på tur eingong.

SJØLVSIKKER MOR: Så om eg høyrer at nokon har med kjeks i sekken kjem eg til å komme. Og banke på døra. Til kontoret ditt. For å seie at eple er betre.

LÆRAREN: Ingen kjem til å komme.

SJØLVSIKKER MOR (truande): Jo, eg. Eg kjem til å komme.

litt lang pause

LÆRAREN (brått munter): Men hvis det ikkje var noko meir, så får eg si takk for at dykk kunne komme. Framifrå ungar dykk har!

Teppe.

Dette var bare et lite eksempel, men jeg tror dere skjønner poenget. Det funker også i et hopetall av andre situasjoner, kanskje alle, faktisk. Livet blir straks morsommere og mer interessant når man lever i et Fosse-stykke. Bare prøv selv! Snart er det klart for nytt foreldremøte, og jeg gleder meg faktisk.

Håper dette var nyttig, lykke til!

screenshot_20160920-103051
Dette er meg på foreldremøte.

 

6 thoughts on “Foreldremøte


  1. Debuterte nylig som forldremøteforelder i barnehagen. Dette var nyttig. Gleder meg til konferansetimen. Takk.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *